Nordea Pairs 2014

 

Årets klubbkvalifisering til Nordea pairs samla ikkje den store deltagelsen, men dei som møtte opp fikk ein kjempedag på bana med fint veir og ei bane som neppe har vore betre.

Ove Eltvik og Reinhart Halsør gikk av med sigeren mykje fordi Ove overraska med nærspel av høg klasse. Nytt av året er at beste damelag automatisk er kvalifisert til regionsfinalen uansett plassering. Toril Bortne og Anne-Marie Dahl tok andreplassen på solide 37 poeng og er dermed kvalifisert.

Res.:

1.           Ove Eltvik / Reinhart Halsør                             39 poeng

2.           Toril Bortne / Anne-Marie Dahl                         37 poeng

3.           Elisabeth og Trond Inselseth                           35 poeng